Korleis har me blitt dei me er, som menneske, som kunstnarar? Kor mykje av oss er forankra med bardunar i botnen av barndommens dal?
Far, mor, besteforeldre – no er dei borte, men med kvar sine gjenstandar etter seg. Minna bur overalt, i den gamle omnen i den forfalne koia far sette opp, den som var kvilebrakke for tømmerhoggarane, i farfars gamle salmakarkiste, i mødrenes klokkestrengar og i dei gamle sylteglasa. Og i bakgrunnen tikkar og går den gamle klokka.
Korleis folka våre og sakene deira påverkar oss, tenkjer me kanskje ikkje så mykje på medan me er i den store, tilsynelatande uendelege barndomen. Som unge vaksne er me gjerne andre stader – både fysisk og mentalt. Men tida går ikkje, ho spring, som ville hestar over slettene. Me blir vaksne, og brått er me middelaldrande. Dei som var vaksne blir gamle, svake, dei skal døy, dei døyr. Me sjølve blir dei eldste. Og midt i sorga kjem alle tinga. Dei veltar ut av skapa, opp av kjellaren, opp av jorda, dei ramlar ned frå loftet, blir hekta ned av veggane. Ting – store, små, viktige, uviktige, i store mengder.
Kvar kjem desse tinga frå? Kva historier ber dei på? Og kva skal me gjere med dei?
Tinga kan også vere forvridde, eller dei kan bli vridd på, bli til noko nytt, noko anna.
Spora er tydelege etter handverkar og bureisarar. Forfedrane og formødrene arbeidde med hendene, medan sola steig og sank på himmelen og kornet gulna og vaia på åkrane. No har tinga deira fått nytt liv og ny form, stadig med klokka tikkande i bakgrunnen. Gamle ting og ny kunst smeltar saman, slik fortid, notid og framtid, det store og det vesle, smeltar saman. Alt går i sirklar, alt heng saman med alt.
Ruth Lillegraven, forfattar
Kari Håkonsen (f. 1969) har sin utdannelse i glasskunst fra Glasskolan i Orrefors, Sverige (1994) og The Surrey Institute of Art and Design (UK, 1998). Hun har vært etablert som glasskunstner siden 1998 og driver i dag verkstedet Klart glass på Kirkenær i Hedmark sammen med Vidar Koksvik. Siden 2015 har de også drevet glasshytte og butikk på Bærums verk i Akershus.
Kari har en lang rekke separat- og gruppeutstillinger i inn- og utland bak seg og hennes arbeider er innkjøpt til samlinger som Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske og Utenriksdepartementets kunstsamling.
Karis kunstnerskap kjennetegnes av en utforskende tilnærming til materialet som spenner fra massivt glass med optiske egenskaper til det florlette glasset strukket til det ytterste av sin tålegrense. Til denne utstillingen går Kari nye veier både teknisk og tematisk. Ved hjelp av glassavstøpninger har hun gått i en poetisk dialog med gjenstander knyttet til familie, barndom og oppvekst.
Utstillingen er støttet av Regionale prosjektmidler for visuell kunst.
Verksgata 4B. 1353 Bærums Verk
Åpningstider:
Mandag - fredag 10-17
Lørdag 10-16
Søndag 12-16